Er du pårørande til ein person med demens? Få kunnskap og støtte gjennom pårørandeskulen

Er du pårørande til ein person med demens? Få kunnskap og støtte gjennom pårørandeskulen

Ulstein og Hareid kommunar inviterer til interkommunal pårørandeskule for pårørande til personar med demens og kognitiv svikt. Kurset er gratis og gir kunnskap, støtte og høve til å møte andre som står i liknande situasjonar. 

tre personar i heilfigur - Klikk for stort bilete• Kamilla Grimstad Hagen, Elise Kleven og Sandra Slettebakk. Ulstein kommune

Å vere pårørande til ein person med demens kan vere både meiningsfullt, krevjande og sårt. Rollene kan endre seg, og mange opplever at det oppstår spørsmål undervegs. Korleis kan eg best møte personen eg er glad i? Kva hjelp finst? Og korleis tek eg vare på meg sjølv?

Pårørandeskulen skal gi deltakarane meir kunnskap om demens og større tryggleik i kvardagen. Når ein forstår meir om sjukdomen og konsekvensane han kan ha, blir det ofte lettare å møte endringane på ein god måte. 

Ein møteplass for læring og erfaringsutveksling

Kurset går over fire samlingar og kombinerer fagleg kunnskap med samtalar og erfaringsdeling. Deltakarane får mellom anna lære meir om demenssjukdommar, behandling og oppfølging, kommunikasjon og samspel, og kva det inneber å vere pårørande. 

Det blir også tid til refleksjon og samtalar med andre som står i liknande situasjonar. Mange opplever det som verdifullt å møte andre som forstår utfordringane dei står i.

Du treng ikkje finne ut av alt åleine

Det finst ikkje ei oppskrift på korleis ein skal vere pårørande. Kvar familie og kvar situasjon er ulik. Samstundes kan kunnskap, støtte og fellesskap gjere kvardagen litt lettare.

Pårørandeskulen er for deg som ønskjer meir kunnskap om demens, større tryggleik i rolla som pårørande og eit fellesskap med andre som er i ein liknande situasjon. 

Praktisk informasjon

Stad: Hareid helsehus, Kjøpmannsgata 16. 

Tid: Kl. 18.00 til 21.00. 

Kursdatoar:

  • 28. Oktober 
  • 4. november
  • 11. november
  • 18. november

 

Påmeldingsfrist: 21. oktober 2026. 

Påmelding og spørsmål

Ulstein kommune

Hareid kommune