– Eit kvart årtusen med kompetanse

– Eit kvart årtusen med kompetanse

Ulstein kommune sette fredag pris på alle tilsette som har jobba 25 år i kommunen/Ulstein Eigedomselskap, og hylla også dei som har gått av med pensjon i løpet av det siste året.

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Ulstein kommune gir kvart år ei spesiell påskjøning til tilsette som har gått av med pensjon og tilsette med lang tenestetid i kommunen eller UEKF.

Fredag vart dei ropt opp på scena i samband med den årlege personalfesten til kommunen, på Sjøborg kulturhus.

–  Her har vi samla eit kvart årtusen med kompetanse på same scena, helsa kommunedirektør Verner Larsen, då han takka alle for lang og tru teneste.

Alle fekk blomster og eit gåvekort frå ein valfri butikk i Ulstein.

Pensjonistar

Astrid Andersen
Synnøve Johansen
Inger Annie Molt Rise
Stig Grimstad
Solveig Alice Fjelle
Jorunn Osnes
Ellen Grete Flø Bersås
Solfrid Rogne
Gloria Milan

På scena med blomster i hendene. - Klikk for stort bileteTre av dei som gjekk av med pensjon i 2022 vart til stades under personalfesten. Frå venstre: Jorunn Osnes, Stig Grimstad og Inger Annie Molt Rise. Janne-Marit Myklebust

 

25 års teneste i Ulstein kommune

Turid Thoresen Knutsen
Tanja Bøe
Lena Skeide Rooney
Tove Solveig Ulstein
Ole Inge Molvær
Maria Myrene Vågsæter
Anita Johanne Kvalsund
Penny Jackson Indreflø
Hege Sandnes
Heidi Leiknes
Anne Karin Garnes Hareide
Henning Solem
Eva Kristin Hofseth

Samla på scena. - Klikk for stort bileteNokre av dei med 25 års fartstid i Ulstein kommune, samla i ein bukett. Kommunedirektør Verner Larsen til venstre. Janne-Marit Myklebust