Leik og moro i Ulstein arena når Sommarcamp 2026 inviterte til open hall
Ulstein kommune
Takka vere støtte frå Sparebanken Møre, Gjensidigestiftelsen og Ulstein kommune kunne Sommarcamp også i år tilby ei rekkje gratis aktivitetar for barn og unge i Ulstein.
- Sommaren har vore fylt med aktivitet, latter, meistring og nye vennskap. Frå gaming og baking til segling, friluftsliv og actionfylte opplevingar har deltakarane fått utforske nye interesser, utfordre seg sjølve og skape gode sommarminne saman med andre, seier SLT- og Alle med-koordinator i Ulstein kommune, Vedrana Terzic.
Givande sommarjobb
Eit særleg viktig bidrag til årets Sommarcamp var dei 15 ungdomane som var i arbeid gjennom campen. Dei tok ansvar som aktivitetsleiarar, rollemodellar og hjelparar, og bidrog til å skape eit inkluderande og trygt miljø for alle deltakarane.
- Gjennom sommarjobben fekk ungdomane verdifull arbeidserfaring, ansvar og høve til å utvikle eigne ferdigheiter, fortel Terzic.
Om lag 200 barn og unge var med på ein sommar full av action under Sommarcamp 2026.
Ulstein kommune
Populære aktivitetar
Blant dei mest populære aktivitetane var gamingdagane på Ulstein Arena, der ungdom sjølve stod som kursleiarar og skapte ein sosial møteplass for både yngre og eldre deltakarar.
Open hall samla òg mange aktivitetsglade barn og unge til ballspel, turneringar, brettspel og sosialt samvær.
På Skollebakken Aktivitetshus stod matglede i sentrum. Her fekk deltakarane lære å bake cupcakes og lage vårullar frå botnen av. Mange opplevde både stoltheit og meistringsglede då dei kunne servere eigne kreasjonar til familie og vener.
For dei som trivst best ute, vart båtturen med Hindholmen eit av sommarens høgdepunkt. Fisking, grilling og sosialt samvær på Borgarøya gav deltakarane minner for livet. Segling- og jolledagen i samarbeid med Ulstein Seglforeining gav mange si første erfaring med sjølivet og vinden i segla.
Sommarcampen på tur med Hindholmen.
Ulstein kommune
Fart og spenning
Sommarcampen baud også på spenning og utfordringar. Escape room utfordra deltakarane til samarbeid, problemløysing og kreativ tenking, medan leirdueskyting gav dei eldste ungdomane moglegheit til å prøve ei heilt ny aktivitet under trygge rammer. Innebandycampen skapte stort engasjement og mykje idrettsglede.
Eit av dei største trekkplastera var ungdomsturen til Valldal Aktivitetspark. Her fekk ungdom frå 7. trinn og oppover oppleve ein dag fylt med fart, spenning, latter og fellesskap.
Kodeklubben sine aktivitetsdagar inspirerte deltakarane til skaparglede, teknologiinteresse og samarbeid gjennom loddekurs, gruppeprosjekt og tekniske konkurransar. Samtidig kunne andre glede seg over kinodag på Sjøborg og fleire sosiale møteplassar gjennom campen.
Deltakarane på Sommarcamp 2026 fekk prøve leirdueskyting.
Ulstein kommune
- Ei stor takk
- Sommarcamp 2026 har vist kor viktig slike tilbod er for barn og unge i lokalsamfunnet. Med om lag 200 deltakarar og 15 ungdomar i arbeid har campen ikkje berre gitt spennande ferieopplevingar, men også styrkt fellesskap, inkludering og ungdomsmedverknad i Ulstein, seier Vedrana Terzic.
- Ung Arena Ulstein ønskjer å rette ei stor takk til alle samarbeidspartnarar, instruktørar, frivillige, støttespelarar og ungdomsarbeidarar som gjorde Sommarcamp 2026 mogleg. Ei ekstra takk går til alle dei 200 deltakarane som fylte sommaren med energi, nysgjerrigheit og glede. Det er de som gjer Sommarcamp til noko heilt spesielt. No ser vi fram til nye opplevingar og nye sommarminne saman neste år.