- Ein femåring rekk både å vere brannmann og møte dronninga før lunsj

- Ein femåring rekk både å vere brannmann og møte dronninga før lunsj

Forfattar, foredragshaldar og psykolog Hedvig Montgomery heldt foredrag for barnehagetilsette og foreldre/føresette på Sjøborg kulturhus, onsdag 16. mars. Janne-Marit Myklebust

Den kjende psykologen Hedvig Montgomery har gitt barnehagetilsette og føresette i Ulstein, Sande og Herøy eit lynkurs i korleis verte den du verkeleg vil vere for barna.

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

- Er du glad i barn? spurte rettleiaren min meg om då eg studerte til psykolog med spesialisering på barn og unge. 

- Ja, svarte eg, fortel Hedvig Montgomery.

- Fint, fekk eg til svar.

- Men det er ikkje nok. Du må vere fantastisk glad i foreldra også! Skal du få til noko med barna, må du vere fantastisk med foreldra!

Gullfuglen

Slik innleia Montgomery foredraget for barnehagetilsette og foreldre/føresette frå Ulstein og Sande på Sjøborg kulturhus 16. mars. 17. mars stod Herøy kulturhus på programmet. 

Foredraget er ein del av eit samarbeid mellom kommunane Ulstein, Herøy og Sande, med fagdag og foredrag.

- Om vi ikkje har skote gullfuglen, har vi i alle fall fanga han, introduserte oppvekst- og kultursjef i Sande, Øystein Johansen, då han introduserte Hedvig Montgomery.

Oppvekst- og kultursjef i Sande, Øystein Johansen, psykolog Hedvig Montgomery og kommunalsjef oppvekst og kultur i Ulstein, Gry Nordal. Janne-Marit Myklebust

Montgomery har skrive serien Foreldremagi, om korleis oppdra barn i alderen 0-19 år. Mellom anna har ho ein internasjonal bestselgar som er oversett til 23 språk. 

 

- Kom deg ned på golvet

Montgomery tok publikum med på ei lita reise gjennom barndommen, frå dei nyfødde som smiler for første gong, til toåringen som gjerne vil hjelpe til, 3-4 åringen som startar med rollespel, til femåringen som boltrar seg i fantasileiken og filosofien.

- Ein femåring kan vere både brannmann og på besøk hos dronninga før lunsjtid. Det er ein fantastisk alder der alt er mogleg! Så går vegen ut av barnehagen og inn i skulen der den regelstyrte leiken dominerer, og då kanskje også med reglar til fordel for den som finn på reglane. Det handlar om å tilpasse seg samfunnet. Og vi vaksne, mange av oss gløymer leiken. Men uansett om du likar det eller ikkje, og uansett om du kanskje heller skulle ha lest avisa i godstolen, kom deg ned på golvet! Vis begeistring over leiken. Då lærer også barna å vere stolte av det dei gjer og får til. Vi menneske er gode på å vere i flokk. Det er saman vi har det best og lærer mest.

 

Hedvig Montgomery på Sjøborg kulturhus. Janne-Marit Myklebust

 

 

 

I fem punkt lista Montgomery opp kva vi som vaksne må unngå for å gi barna ein trygg oppvekst.

1. Fysisk og psykisk vald og seksuelle overgrep.
- Når barn vert redde går ikkje ny kunnskap inn. Dei hører ikkje kva vi seier og det gjer at vi ropar enda høgare. Forklar dei heller roleg kva det er du ønsker av dei. Maktbruk er farleg.

2. Dei vaksne sine merkelappar på barna.
 - Ikkje fortell barna kva dei er. At ho er snill og han er flink osv. Då må dei heile tida strekke seg etter dette. Fortell dei heller kva dei er akkurat no. "Akkurat no var du flink. Akkurat no var du snill. Det du gjorde i denne situasjonen var bra."

3. Gjentakande kritikk
- Det seier seg sjølv. Det tåler heller ikkje vi vaksne særleg godt.

4. Å vere sine foreldre sitt prosjekt
- Kanskje du vil at barnet ditt skal vere eit handballtalent, men det er ikkje sikkert at barnet ditt ønsker det same. Vi kan styre ein del, men vi styrer mindre av personlegheitsutviklinga til barna enn vi trur.

5. Å overbeskytte og ikkje la dei prøve

Samarbeid

17. mars deltok Montgomery på fagdag i Herøy, med tilsette frå Ulstein, Sande og Herøy.

- Vi har eit godt samarbeid mellom kommunane, og vi har god tru på at det å la foreldre og tilsette få høyre dei same tinga sagt, har noko for seg. Då går vi i same retning, sa oppvekst- og kultursjef Øystein Johansen.