- Eigenberedskap er avgjerande når krisa råkar

- Eigenberedskap er avgjerande når krisa råkar

Eigenberedskap kan vere avgjerande når krisa råkar. Klarer du deg sjølv i sju dagar? 

Frå Eigenberedskapskvelden i Ulstein bibliotek. - Klikk for stort bileteFrå Eigenberedskapskvelden i Ulstein bibliotek. Ulstein kommune

Under Eigenberedskapsveka 2026 samla Ulstein kommune, Hareid og Ulstein brannvesen, Sivilforsvaret, Heimevernet, Røde Kors og Sanitetskvinnene innbyggjarar til ein kveld i biblioteket der tema var beredskap og tryggleik. 

Hovudbodskapen var enkel: Kommunen har planar og ressursar for å handtere kriser, men innbyggjarane må òg vere førebudde på å klare seg sjølve i opptil sju dagar. 

Ordførar Stian Skorgen Scheide understreka at kommunen si viktigaste oppgåve i ei krise er å halde samfunnskritiske tenester i gang og sikre god informasjon til innbyggjarane. 

– Hovudoppgåva vår er at samfunnet skal fungere. Samstundes er vi avhengige av at flest mogleg kan greie seg sjølve ei tid. Då kan vi prioritere hjelpa til dei som treng henne mest, sa han. 

Ordførar Stian Skorgen Scheide fortalde om kommunen si rolle i totalberedskapen. - Klikk for stort bileteOrdførar Stian Skorgen Scheide fortalde om kommunen si rolle i totalberedskapen. Ulstein kommune

Førebudde på bortfall av straum og kommunikasjon 

Både kommunen og beredskapsaktørane peika på kor avhengige vi er av straum, mobilnett og internett i kvardagen. Ved større straumbrot kan mobilnettet falle ut etter få timar, og innbyggjarane må vere budde på å skaffe seg informasjon på andre måtar. 

For å styrkje beredskapen har kommunen mellom anna installert satellittkommunikasjon på rådhuset. 

Dersom elektronisk kommunikasjon fell bort over tid, vil kommunen opprette eigne informasjonspunkt rundt om i bygdene der innbyggjarane kan få informasjon og melde frå om behov for hjelp. 

Her kan du sjå kvar informasjonspunkta blir sett opp

Brannvesenet understreka at dei vil vere i beredskap ved bortfall av samfunnskritiske funksjonar, men at ressursane må nyttast der behovet er størst.

Branningeniør Live Gandborg understreka det viktige samspelet mellom kommune, naudetatar, innbyggjarar og næringsliv for å styrke beredskapen i Ulstein. - Klikk for stort bileteBranningeniør Live Gandborg understreka det viktige samspelet mellom kommune, naudetatar, innbyggjarar og næringsliv for å styrke beredskapen i Ulstein. Ulstein kommune

 

- Vi må hjelpe kvarandre 

Fleire av innleiarane løfta fram betydninga av nabohjelp og lokale nettverk. Sanitetskvinnene fortalte om omsorgsberedskapen i kommunen og korleis frivillige kan bidra med støtte til sjuke, eldre og andre som treng hjelp dersom vanlege kommunikasjonskanalar fell bort. 

Både kommunen, brannvesenet og Sivilforsvaret peika på at lokale ressursar, grendelag, frivillige organisasjonar og næringsliv blir viktige dersom Ulstein blir isolert av uvêr eller andre hendingar. 

– Ein del av eigenberedskapen er at vi hjelper kvarandre når vi kan, sa ordføraren. 

Klar for ei veke på eiga hand? 

Styresmaktene tilrår at alle husstandar har eit eige beredskapslager som gjer det mogleg å klare seg sjølve i minst sju dagar. 

Det inneber mellom anna:
•    Nok drikkevatn og mat til alle i husstanden
•    Nødvendige medisinar og oversikt over eigne reseptar
•    Batteri, lommelykt og alternativ straumkjelde
•    DAB-radio for å kunne motta informasjon
•    Utstyr til kjæledyr ved behov

Meir informasjon om Ulstein kommune sine beredskapsplanar kan du lese her: Beredskap og samfunnssikkerheit - Ulstein kommune

Du kan lese meir om eigenberedskap på sikkerhverdag.no.

Kva ein bør ha som beredskapslager i tilfelle ei krise oppstår. - Klikk for stort bileteKva ein bør ha som beredskapslager i tilfelle ei krise oppstår. Ulstein kommune