Robert Løkketangen og Mads With Kristofersen spelte Hymne til oppvekst som opning av fagdagen på Sjøborg.
Ulstein kommune
Alle tilsette i oppvekstsektoren var inviterte til fagsamling på Sjøborg før det nye skule- og barnehageåret tok til.
Her vart dei møtt av gitarmusikk frå Robert Løkketangen og Mads With Kristofersen som spelte låta «hymne til oppvekst» som Løkketangen har komponert.
Etter den stemningsfulle starten på dagen, var det kommunalsjef for oppvekst i Ulstein, Karen Strand, som fekk ønske alle dei frammøtte velkomen.
- I salen er det samla mange tilsette i kommunen som har eit felles mål: vi arbeider for at barn og unge skal ha det bra i Ulstein. Det er berre ein gong i året vi er samla slik som no, men barna vi arbeider med, dei går mellom oss. Dei er i barnehagen, på skulen, på Bell, på helsestasjonen eller på kulturskulen og andre fritidsaktivitetar. Nokre av oss i salen kjenner best og arbeider med foreldra til desse barna, eller arbeider i støttefunksjonar. Alle er vi ein del av laget rundt barnet. Det er derfor det er så viktig og verdifullt at vi kan samlast slik for å bli betre kjende med kvarandre, dele erfaringar og minne oss på at vi arbeider saman med same mål.
Kommunalsjef for oppvekst i Ulstein kommune, Karen Strand, ønskte velkomen.
Ulstein kommune
- Det handlar om menneske
Også kommunedirektør i Ulstein, Jarl Martin Møller, kom med ei varm helsing til dei tilsette i oppvekst.
- Når ferien er over og vi startar med ny giv er det lett å snakke om planar, organisering og praktiske oppgåver. Men eigentleg handlar arbeidet vårt om noko enklare. Det handlar om menneske. Det handlar om barn som tek sine første steg inn i barnehagen. Det handlar om elevar som møter opp første skuledag med både forventning og spenning. Nokre gler seg til å møte vener. Andre håpar å finne sin plass i fellesskapet om dei er nye eller gamle elevar, minna han om.
- Og det handlar om oss. Deg og meg. Det handlar om å utgjere ein forskjell i dag og i morgon! Kjenn på det - du kan utgjere ein forskjell!
Kommunedirektør Jarl Martin Møller rosa innsatsen oppvekst gjer for barn og unge i Ulstein kommune.
Ulstein kommune
Fagleg påfyll
Etter velkomsten var det tid for det første faglege innlegget. Det var ved kommunalsjef Karen Strand, som snakka med dei tilsette om korleis oppvekstsektoren kan arbeide heilskapleg med bekymringar rundt fråvær.
Neste faglege innlegg kom ved Eli Karin Sjåstad Aasebø, 1. amanuensis ved Høskulen i Volda, som snakka om rørsleglede og aktivitet.
Undervegs var det innlegg som informerte dei tilsette om kommunen sitt BTI-arbeid (Betre tverrfagleg innsats) og andre tenestesystem kommunen nyttar i arbeidet for barn og unge.
Dagens siste innlegg var Frode Rensel frå Barnevakten, som snakka om ein trygg digital oppvekst.
Dette var dei tilsette i Ulstein kommune sitt første møte med organisasjonen Barnevakten, og gjennom året vil det bli arrangert fleire møter med Barnevakten for både tilsette, føresette og elevane.
Målet med arbeidet er å ruste barn og unge i den digitale kvardagen.
Det var nesten full sal når oppvekstsektoren i Ulstein kommune var samla til fagdag
Ulstein kommune