Du er ein del av beredskapen i Noreg

Du er ein del av beredskapen i Noreg

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap  Kva gjer du om du må klare deg i fleire dagar utan straum? Denne veka er det eigenberedskapsveka. Her får du tips og råd om kva som kan vere lurt å ha heime - i tilfelle krisa råkar. 

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Vi lever i eit trygt og stabilt samfunn, der vi er vande til at det meste fungerer som det skal. Men livet i Noreg er heilt avhengig av straum, vatn og internett – og nettopp der er vi mest sårbare. Uvêr, naturhendingar, sabotasje, tekniske problem, terror og krigshandlingar kan føre til at mange mister straum eller vatn, og det kan bli vanskelegare å få tak i nødvendige varer.

No bed direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap alle husstandar i Noreg om å ta nokre enkle grep for å betre eigen beredskap. Du finn mykje informasjon på sikkerhverdag.no/egenberedskap.

Eksempel på ting du bør ha heime for å klare deg i minst tre dagar:

  • ni liter vatn per person
  • to pakkar knekkebrød per person
  • ei pakke havregryn per person
  • tre boksar middagshermetikk eller tre posar tørrmat per person
  • tre boksar pålegg med lang lagringsevne per person
  • nokre posar tørka frukt eller nøtter, kjeks og sjokolade
  • medisinar du er avhengig av
  • ved-, gass- eller parafinomn til oppvarming
  • grill- eller kokeapparat som går på gass
  • stearinlys, lommelykt med batteri, eller parafinlampe
  • fyrstikker eller lighter
  • varme klede, pledd og sovepose
  • førstehjelpspakke
  • batteridriven DAB-radio
  • batteri, ladd batteribank og mobilladar til bilen
  • våtserviettar og desinfeksjonsmiddel
  • tørke-/toalettpapir
  • litt kontantar
  • ekstra drivstoff og ved/gass/parafin/raudsprit til oppvarming og matlaging
  • jodtablettar ved atomhendingar