– Er de klare for ein ny dag?
– Ja, oberst! ljomar det unisont frå skuleplassen ved Hasund skule.
Stram oppstilling i ballbingen ved Hasund skule, framfor myndige korporalar og ein oberst.
Janne-Marit Myklebust
Ein ny dag med nye utfordringar er i emning for Kompani Hasund.
Det skal verte ein våt dag.
Oberst Arve Aschehoug på djupt vatn.
Janne-Marit Myklebust
I ei heil veke har 5.–7. trinn fått delta på ei unik veke med læring, meistring og nye vennskap på tvers av klassetrinna. Kompani Hasund – inspirert av programmet Kompani Lauritzen, har bydd på alt frå beinharde bakkar, lange marsjar, hinderløyper og sykkelturar.
Og denne dagen: det våte element.
Sabrina får applaus av rektor Hedvig Haakonsholm etter å ha både lagt på sym utan å nøle - og dukka under i det 11 grader varme vatnet.
Janne-Marit Myklebust
For Sabrina og Cornelia var det ingen problem å utfordre det kalde og våte element.
Janne-Marit Myklebust
– Det har vore skikkeleg gøy! Ei superkjekk veke, strålar Sabrina og Cornelia, innetulla i kvar sitt teppe etter eit møte med kaldt sunnmørsvatn.
– Det var eigentleg ganske deilig å bade! Eg har lyst uti igjen, seier Cornelia.
– Vi skulle ønske at veka ikkje var slutt, og at vi skulle gjere det igjen neste veke!
Rektor Hedvig Haakonsholm tok badetempen. 11 gode sunnmørske varmegrader i vatnet.
Janne-Marit Myklebust
– Det er viktig læring å kunne ferdast i vêr og vatn, seier lærar og oberst Arve Aschehoug mens han ventar på å ta imot fleire badande elevar i vatnet.
– Her lærer elevane å takle kuldesjokket og få kontroll på pusten. Dette kan redde liv, og er kritisk kunnskap for oss som har vatn rundt oss på alle kantar, seier han.
Janne-Marit Myklebust
Selma, Gabrielle og Ellinor er svært nøgde med opplevingane dei har med seg etter ei veke med Kompani Hasund.
Janne-Marit Myklebust
– Det har vore veldig, veldig gøy! Det aller kjekkaste var då vi sykla til Skeide og gjekk opp bakkane med ein trestamme mellom oss. Vi gjekk opp til Lisjevatnet, grilla og gjekk nedatt. Det var den mest utfordrande og tyngste dagen, men også den kjekkaste! fortel tre glade pølsespydspikkarar, Ellinor, Gabrielle og Selma.
Bratte bakkar og tunge "fyrstikker" er inga utfordring for sterke elevar frå Hasund skule.
Hasund skule
– Lærarane har lagt ned ein enorm innsats for dette prosjektet. Vi har fått veldig mange positive tilbakemeldingar, også frå foreldra. Vi ser store positive ringverknader. Eg er så utruleg stolt, seier rektor Hedvig, som sjølv utfordra det kalde vatnet for å vere med å motivere og hjelpe elevane uti.
Ein alldeles nøgd rektor ved Hasund skule, Hedvig Haakonsholm.
Janne-Marit Myklebust
Bål på gang for å varme kalde badarar og kalde pølser.
Janne-Marit Myklebust
Lærar Tove Ulstein er svært imponert og stolt over innsatsen til elevane.
– Dei har fått utfordre seg sjølv veldig. Vi har køyrt litt militær disiplin, noko dei har tatt utruleg bra. Det har vore det mest fantastiske opplegget, og elevane har vore veldig, veldig motiverte. Det har rett og slett vore fantastisk! Og så har vi treft ei gruppe elevar som kanskje ikkje elles er så teoretiske, og dei har blomstra og fått med seg dei andre, fortel Tove.
Ei oppsummering av veka er mellom anna: hinderløype, reaksjonsøving, marsjere rundt øya (1 mil), sporløp, sykling, sykkelparken, sandslottkonkurranse på Osnessanden, Mørdarbakken og bading.
– Vi leverer frå oss ein sliten, men positiv gjeng heim etter denne veka står Tove fast.
Sandslottkonkurranse på Osnessanden.
Hasund skule
Mat må store heltar ha!
Hasund skule
Marsj rundt øya.
Hasund skule
Kollektiv straff i ekte kompani-stil. Planken må til når nokon har rota med tome mjølkepakkar.
Janne-Marit Myklebust