Det er berre å hoppe i det!

Det er berre å hoppe i det!

Vi har tatt prøver av vatnet ved ni ulike badeplassar i Ulstein. 

Det norske regelverket for vasskvalitet i friluftsbad vart utforma som ei norm frå Helsedirektoratet i 1994. Det er definert tre nivå på kvaliteten på badevatnet, blant anna målt etter kor mange tarmbakteriar det er i vatnet. 

Badevasskvalitet
TilstandMengde
godmindre enn 100
mindre god100–1000
ikkje akseptabelstørre enn 1000

Mengde e.coli og intestinale enterokokkar per 100 ml.

Det er framleis tilrådeleg å bade når badevsskvaliteten er mindre god, men du bør unngå å svelge vatnet. Det er ikkje tilrådd å bade viss vatnet inneheld over 1000 TKB (termotolerante koliforme bakteriar) per 100 ml.

Her har vi vore

Prøveresultat badevatn juli 2025
StadKvalitetMengde e.coli og intestinale enterokokkar
Roppesandengod10 og <10
Ivagardengod<10 og <10
Osnessandengod31 og <10
Hamna ved saunaenmindre god360 og 80
Sjøsidamindre god480 og 280
Ved hotelletmindre god310 og 80
Borgsteingod<10 og <10
Eiksundsandengod10 og <10
Haddalgod<10 og <10