Denne bilen kan redde liv

Denne bilen kan redde liv

Hareid og Ulstein brannvesen har fått eit etterlengta tilskot til bilparken.

Denne veka reiste brannkonstablane Vegard Ertesvåg og Harald Øvereng til Holmestrand for å hente heim ein korgbil. 

Brannbil - Klikk for stort bilete Harald Øvereng

– Bilen har vore fint brukt av Vestfold interkommunale brannvesen, og var klar for å flytte til Sunnmøre. Vi har fått god opplæring av gode kollegaer på Kopstadstasjon, og ser fram til at vi kan dele kunnskapen med vårt eige mannskap her heime, seier Vegard og Harald.

Bilen er utstyrt med stige på 32 meter, og vil vere svært nyttig for brannvesenet lokalt.

– Det er ikkje berre nødvendig, men det kan også vere livsnødvendig. Vi har fleire høge bygg i bygdene våre, der vi vil ha utfordringar med å både sløkke og redde, utan ein slik bil, så vi er svært nøgde med å ha fått han på plass. Og så håper vi sjølvsagt at vi ikkje får bruk for han.

Men øving må til likevel. Den komande tida vil det nok verte observert fleire høgthengande brannfolk i Ulstein og Hareid når brannbilen blir testa ut. 

Bilen har stått på ønskelista til brannvesenet lenge. Kommunestyret løyvde pengar i 2025 basert på konklusjonen i ei ROS-analyse til Hareid og Ulstein.

Brannbil - Klikk for stort bilete Harald Øvereng