Kommunedirektør i Ulstein kommune, Jarl Martin Møller.
Ulstein kommune
Onsdag 4. november legg kommunedirektør i Ulstein, Jarl Martin Møller, fram forslaget til budsjett og økonomiplan for Ulstein kommune.
Forslaget vert presentert i eit ope folkemøte i Ulstein bibliotek kl. 18.00-20.00.
Presentasjonen vert også strøyma.
- Vi har eit godt utgangspunkt
Bak forslaget ligg eit omfattande arbeid som no skal over til politisk vurdering og handsaming, fram mot endeleg kommunestyre vedtak 10. desember.
Kommunedirektøren fortel at eit viktig spørsmål i budsjettarbeidet er korleis vi ser, analyserer, bygg vidare og sikrar gode velferdstenester også når behova og tilgangen på arbeidskraft endrar seg framover.
- Ulstein har hatt sterk folketalsvekst og har ein yngre folkesetnad enn fleire av nabokommunane. Det gir oss eit godt utgangspunkt, men skjermar oss ikkje frå utfordringane som kjem, seier Møller.
- Kan ikkje berre springe fortare
Møller peikar på at hovudutfordringa i framtida ikkje berre er økonomi.
- Vi kan ikkje leggje til grunn at de skal løyse stadig fleire oppgåver ved å springe fortare. Vi må prioritere tydeleg, gi rom for utviklingsarbeid og halde fast ved tiltak som verkar over tid. Staten må på si side bidra med føreseielege rammer og felles løysingar, og gi kommunane rom til å finne svar som passar lokalt.
- Ansvar for heilskapen
- Eg har stor respekt for innsatsen og fagkunnskapen som ligg bak framlegga frå tenestene. Mi oppgåve er å vege behova mot kvarandre og ta ansvar for heilskapen, både for innbyggjarane som treng oss i dag, og for dei som vil trenge oss i framtida, avsluttar kommunedirektøren.
- Ei sterk velferdskommune blir til i samspel med innbyggjarar, pårørande, frivillige og næringsliv.