Bokpakkar til alle barnehagane

Bokpakkar til alle barnehagane

Alle Ulstein-barnehagane får kvar si eiga bokpakke, slik at det ventar heilt nye bøker på barna når dei kjem attende i august.

Barnebøker i mange fargar som ligg på eit bord  - Klikk for stort bileteAlle barnehagane i Ulstein har fått nye bokpakkar Ulstein kommune

Ulstein-barnehagane får no kvar si eiga bokpakke, så når barna kjem tilbake i august, ventar heilt nye bøker på dei – fulle av historier, bilete, fantasi og undring. 

Dette betyr at alle barn får møte eit breitt og variert utval litteratur frå første dag i det nye barnehageåret. Ordninga er ei nasjonal tilskotsordning der kommunane får midlar til å kjøpe inn nye bøker til barnehagane, slik at alle barn får tilgang til oppdatert og mangfaldig litteratur som styrkjer språk, leselyst og fellesskap. 

- Eit rikare og meir variert språk

Å bli lest for i barnehagen er ein sentral del av det pedagogiske arbeidet. Når barn møter bøker, får dei tilgang til eit språk som er rikare og meir variert enn det dei møter i kvardagslege situasjonar. Dei får høyre nye ord, komplekse setningar og forteljingar som utfordrar både tankar og fantasi. Høgtlesing gir rom for dialog og undring – barna får stille spørsmål, tolke bilete og knyte innhaldet til eigne erfaringar. Slik blir litteratur ein arena for både språkleg og kognitiv utvikling. 

Bøker er òg viktige for sosial og emosjonell utvikling. Gjennom forteljingar kan barn utforske kjensler, møte ulike perspektiv og oppleve situasjonar som liknar eller skil seg frå deira eigne. Dette gir tryggleik, gjenkjenning og nye måtar å forstå verda på. Felles lesestund skapar dessutan ro og fellesskap i barnegruppa, og styrkjer relasjonen mellom barn og vaksne. 

- Ein naturleg og tilgjengeleg del av barna sin kvardag

Med dei nye bokpakkene får Ulstein-barnehagane eit konkret verktøy til å vidareutvikle det språkstimulerande arbeidet. Bøkene kan brukast i planlagde aktivitetar, i små grupper, i frileik eller som del av kvardagsrutinar. Slik blir litteraturen ein naturleg og tilgjengeleg del av barna sin dag – og eit viktig fundament for livslang leselyst.