Bli med vidare i «Garden som ressurs»

Bli med vidare i «Garden som ressurs»

«Garden som ressurs» – nye nettverk innan lokalmat og reiseliv startar opp.

Kråen Gard i Hallebygda i SAnde kommune sett frå lufta. - Klikk for stort bileteKråen Gard er vertskap for første møte i nettverk for reiseliv. Kråen Gard

 

Gode deltakarar på tidlegare «Garden som ressurs»-møte!

Vi ønskjer å takke for engasjementet og interessa de har vist gjennom møteserien «Garden som ressurs». Gjennom arbeidet har vi sett at mange sit med gode idéar, erfaringar og ønskje om vidare utvikling innan ulike næringar knytt til garden.

Difor har vi no etablert to nettverk:

• Reiseliv
• Frukt, grønt og lokalmat

Målet med nettverka er å samle aktørar med felles interesser for å byggje kompetanse, dele erfaringar, skape samarbeid og bidra til utvikling av nye moglegheiter og verdiskaping i regionen. Gjennom å dele inn i mindre nettverk får vi også betre moglegheit til å spisse innhald, tema og aktivitetar mot interessene og behova til deltakarane i kvart nettverk.

Vi håpar nettverka kan vere ein møteplass for både inspirasjon, fagleg påfyll og konkrete samarbeid.

Det vert oppstartsmøte i begge nettverka no før sommaren:

Nettverk for Frukt, grønt og lokalmat
- Skaparhuset, Ulsteinvik
- 27. mai
- Kl. 18.00–20.30

Les meir om nettverk for frukt, grønt og lokalmat og meld deg på

Nettverk for Reiseliv
- Kråen Gard, Hallebygda Larsnes
- 3. juni
- Kl. 18.00–20.30

Les meir om nettverk for reiseliv og meld deg på

Fleire samlingar etter sommaren

Det er planlagt fleire samlingar i nettverka etter sommaren, der deltakarane i fellesskap er med på å forme innhald og retning vidare.

Om prosjektet Garden som ressurs 2.0

Garden som ressurs 2.0 er finansiert gjennom midlar frå Statsforvaltaren, tildelt Hoppid-kontora i kommunane på Ytre Søre Sunnmøre. Landbrukskontora i kommunane, Ulstein næringsforum og Vekst i Hareid er medarrangørar av nettverka.

Prosjektet rettar seg mot gardbrukarar og andre som ønskjer å utvikle tilleggsnæringar basert på garden sine ressursar – anten det handlar om lokalmat, reiseliv eller andre nye moglegheiter.