Bli med på julegrantenning på Rådhusplassen

Bli med på julegrantenning på Rådhusplassen

Søndag inviterer Ulstein Frivilligsentral UNG til julegrantenning på Rådhusplassen.

Søndag 29. november er det julegrantenning på Rådhusplassen. - Klikk for stort bileteSøndag 29. november er det julegrantenning på Rådhusplassen. Ulstein Frivilligsentral UNG

Søndag 29. november er det julegrantenning på Rådhusplassen. 

Arrangementet startar kl. 17:00, og er i regi av kulturavdelinga ved Ulstein Frivilligsentral Ung. 

- Vi satsar på fint ver, og håper mange vil ta turen for ei sosial og fin stund i lag denne dagen. Vi gler oss ekstra mykje til å høyre innslaga frå fleire born frå kulturskulen, som vi veit har øvd og gleda seg lenge til dette arrangementet. Vi kan forsikre om at dette kjem til å skape julestemning, seier Natalie Standebø i Ulstein Frivilligsentral UNG. 

- Det er også alltid like spennande å telle ned og tenne julestjerna på Osberget, der Hans Olav Vattøy, Åge- og Magne Grimstad ligg klar kvart år for å tenne den i det vi ropar "NULL". Vi satsar derfor på eit folkehav på rådhusplassen, så pass dei høyrer oss heilt opp på Osberget! 

Det blir musikkinnslag under julegrantenninga. - Klikk for stort bileteDet blir musikkinnslag under julegrantenninga. Ulstein Frivilligsentral UNG

Adventsstund ved Skollebakken aktivitetshus

Før julegrantenninga ved rådhuset startar er det adventsstund på uteområdet ved Skollebakken aktivitetshus. Dette er i regi av Ulstein Frivilligsentral. 

Her blir det nissebesøk, nissegraut og kakao, før ein går i fakkeltog til Rådhusplassen for julegrantenninga.

På programmet denne ettermiddagen er det innslag frå: 

  • Musikklaget ULF 
  • Ulstein kulturskule 
  • Appell ved sokneprest i Ulstein, Mirjam Hadde land Igland 
  • Nedtelling og tenning av julestjerna på Osberget og juletreet på rådhusplassen, og avslutning med gange rundt treet. 
     
Ulstein Frivilligsentral UNG håpar på godt oppmøte når adventstida startar i Ulsteinvik. - Klikk for stort bileteUlstein Frivilligsentral UNG håpar på godt oppmøte når adventstida startar i Ulsteinvik. Ulstein Frivilligsentral UNG