Generasjonsleikane er eit arrangement med både underhaldning og moro for deltakarar i alle alderar. Genrasjonsleikane er eit arrangement med aktivitetar som bidreg til mangfald og inkludering på tvers av generasjonar.
Aktivitetane er gratis, og i hovedsak fysiske, men er lagt tilrette slik at ALLE skal kunne delta - uansett fysiske forutsetningar.
Kvart lag som deltek må ha minst to generasjonar. Her kan ein invitere med seg ein god nabo, klassekamerat, kollega, besteforeldre, tanter og onklar. Møt gjerne opp sjølv om du ikkje har eit lag.
Det er ingen påmelding på førehand, berre registrering før ein startar.
Alle born får premie.
Alle som deltek kan også levere inn poengkort sitt, og blir då med i trekning av ein større premie som vi anonserar mot slutten av leikane.
Vi gler oss til ein aktiv og sosial dag på Ulstein Arena