Ny kommunalsjef for personal og organisasjon i Ulstein kommune, Berit Lyngstad.
Ulstein kommune
Etter ti år i Volda kommune har Berit Lyngstad takka ja til stillinga som kommunalsjef for personal og organisasjon i Ulstein kommune.
Før ho byrja som personalleiar i Volda kommune var Lyngstad leiar for NAV i Herøy kommune i sju år.
- Eg har hatt ti flotte år i Volda kommune, og gler meg no til å byrje i Ulstein, seier Berit Lyngstad etter at tilsettinga er offentleggjort.
Ho startar i stillinga 1 januar 2027.
- Gler meg til å bidra på “heimebane”
Lyngstad har budd i Ulstein sidan 2002, men i 22 av dei 24 åra har ho jobba i andre kommunar på Sunnmøre.
- Eg gler meg ekstra til å bidra i min eigen heimkommune. Ulstein kommune har ein kultur og organisasjon som er attraktiv og framstår som veldig framoverlena med stor gjennomføringskraft, seier den nye kommunalsjefen.
- Eg kjenner Ulstein kommune litt frå før, men gler meg veldig til å kome på innsida og bli betre kjend med dei som jobbar der. Det blir utruleg spanande!
Sterk kompetanse til Ulstein kommune
- Vi er glade for at Berit Lyngstad har takka ja til stillinga som kommunalsjef for personal og organisasjon. Det var mange gode søkjarar til stillinga, noko som viser at Ulstein kommune er ein attraktiv arbeidsgivar. Berit har solid erfaring og eg er trygg på at ho blir ein viktig ressurs for Ulstein kommune framover, seier kommunedirektør Jarl Martin Møller.