Barnekunst på biblioteket

Barnekunst på biblioteket

Barnehagebarn i Ulstein har laga kunst til barnebok “Prins Storm” av forfattar Ingunn Røyset, og kunsten står no utstilt i Ulstein bibliotek.

Borna i Sætra barnehage, Blåtinden, Preg og Vikemarka har laga kunst som står utstilt på biblioteket. - Klikk for stort bileteBorna i Sætra barnehage, Blåtinden, Preg og Vikemarka har laga kunst som står utstilt på biblioteket. Ingunn Røyset

Onsdag 11. november vart kunstutstillinga «Prins Storm» opna på biblioteket, med kunstnarane sjølve til stades. 

Førskulegruppene i alle barnehagane i kommunen er inviterte til å bli med. Resultatet har blitt ei samling fargerik biletkunst og installasjonskunst av den hårete helten Storm og alt som går føre seg i hans univers. 

Blåtinden, Vikemarka barnehage, Preg og Sætra barnehage har stilt ut kunsten sin på biblioteket.

Kunsten er inspirert av biletboka Prins Storm av Ingunn Røyset frå Flø. 

Forfattaren var til stades ved snorklippinga og las frå boka. 

Ulstein bibliotek har arrangert barnekunstutstilling også i 2023, 2024 og 2025, som eit tiltak for å skape leselyst hos førskuleborn. 

Utstillinga står framme til 27. november.