Arbeidsmiljøprisen til hardtarbeidande gjeng

Arbeidsmiljøprisen til hardtarbeidande gjeng

Personal- og økonomiavdelinga i Ulstein kommune er vinnarar av arbeidsmiljøprisen 2021.

Nøgd gjeng som henta heim arbeidsmiljøprisen. Frå venstre: personalleiar Kari Riise, økonomileiar Steinar Nummedal, økonomikonsulent Rebekka Sætre, økonomikonsulent Oana-Andreea Chiriac, økonomikonsulent Ida Marlen Kjøde, personalkonsulent Cato Hansrud, personalrådgivar Torni Fiskaa og tidlegare personalkonsulent og no fersk pensjonist, Inger Annie Molt Rise. Janne-Marit Myklebust   

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Prisen vart delt ut på personalfesten til Ulstein kommune som fann stad på Sjøborg 16. juni.

Prisen er på 10 000 kroner og vert delt ut av arbeidsmiljøutvalet.

– Dette er året der alt har stått på hovudet og vi føler at det er året vi fortener prisen minst, men treng han mest! sa personalleiar Kari Riise då ho takka for prisen.

Ulstein kommune har innført nytt personal- og økonomisystem, noko som har vore eit svært stort arbeid for personalavdelinga og økonomiavdelinga.

Nominasjonsteksten:

Økonomileiar Steinar Nummedal med teamet sitt har verkeleg fortent denne prisen. Avdelinga legg opp til ekstraordinær innsats i prosessar med omstilling og korte tidsfristar. Alltid ein hyggeleg tone og alltid god hjelp. Eg føler meg privilegert som får samarbeide med ein så fin gjeng.

Dei som jobbar på avdelinga er alltid blide, serviceinnstilte og svært kunnskapsrike og dyktige i arbeidet sitt. De er umistelege for oss ute i avdelingane, og no meiner eg at nokre av dykk "nede på kommuna" verkeleg fortener ein pris. Det er beundringsverdig korleis de held roa og servicen sjølv om alt "står på hovudet" og nye system vert innført. De gjer at vår arbeidsdag vert føreseieleg – når vi veit at det er hjelp å få med lønn, personal og økonomi – vi treng ikkje å kunne alt. Ikkje minst er det triveleg å kome ned til dykk. Det er ei hyggeleg og god stemning, trass i at vi veit de har travle dagar. Eg veit at mine medarbeidarar også set stor pris på dykk som samarbeidspartnarar.