Droppsona i Gjerdegata har fungert godt sidan skulestart.
Ulstein kommune
Den nye droppsona i Gjerdegata ved Ulsteinvik barneskule har fungert godt sidan skulestarten i august. Mange elevar og føresette har følgt oppmodinga om å gå eller sykle til skulen, noko som har bidrege til auka tryggleik og betre trafikkflyt i området. Skuleskyssen til busshaldeplassen ved Ulstein Arena har også fungert godt.
No byrjar det å gå mot mørkare tider, og terskelen for å skysse elevane sine til skulen kan bli lågare. Likevel håpar Ulstein kommune at flest mogleg held fram med å gå eller sykle. Det gjer det tryggare for elevane, og betrar trafikkflyten for bussane og dei som må køyre elevevane sine til skulen.
Busshaldeplassen.
Ulstein kommune
Trafikktryggingstiltak
I samband med skulestart har teknisk avdeling i Ulstein kommune stått for ei rekke trafikktryggande tiltak. Kommunestyret sette av om lag kr. 8 millionar til dette formålet i budsjettet, og dei aller fleste tiltaka er no ferdigstilte.
- Skilting og asfaltmerking er utført, krysset Vikemyra-Gjerdegata er så godt som ferdig utbetra og det er kome nye LED-armatur i gatelysa langs skulevegen frå Reiten til Kyrkjebakken og i området rundt skulen. I tillegg er det oppretta Hjartesone rundt skulen, som er skilta og fartsgrensa er sett til 30 km/t, fortel ingeniør i Ulstein kommune, Vegard Ertesvåg.
Det er kome forsterka belysning ved m.a. krysset på Reiten.
Ulstein kommune
Hjartesone
Ulstein kommune håpar bilførarar som køyrer inn i Hjartesona vil vere ekstra merksame og ta omsyn til skuleborna, særskilt no når det byrjar å bli mørkare om morgonen og ettermiddagen.
Og elevar må hugse å ta på seg refleks om dei går, syklar eller blir sett av på busshaldeplassen eller i droppsona ved skulen.
Det er oppretta Hjartesone i området rundt Ulsteinvik barneskule.
Ulstein kommune