50-års feiring på siste dag

50-års feiring på siste dag

-Det har vore ein dag med tilbakeblikk og mange kjensler, men no ser vi framover og gler oss til hausten, seier rektor Norunn Lindvik Velsvik etter aller siste skuledag for Ulstein skule.

Mann med langt papir og bursdagshatt - Klikk for stort bileteFAU fortalte om den lange historia til Ulstein skule under 50-årsfeiringa Ulstein skule

Det var ein kjenslevar dag for elevar, tilsette og foreldre ved Ulstein skule, då dei feira skulen sin 50-årsdag fredag. 

Dette var også siste skuledag før sommarferien, og siste dag for skulen på Skeide.

Til hausten byrjar elevane på Ulsteinvik barneskule. 

– Vi går ut med flagget til topps, seier rektor Norunn Lindvik Velsvik der ho står framfor flaggstonga ved skulen med det norske flagget vaiande i sommarsola. 

- Takk for laget

Dagen før vart det servert kake på personalrommet, og på kaka stod det «Takk for laget!». Rektor Norunn Lindvik Velsvik understrekar at dette «laget» handlar om meir enn berre tida saman. 

– Det handlar like mykje om laget rundt borna, både dei tilsette, foreldra og heile bygda. Det laget er unikt, og eg vil takke alle tilsette og til FAU ved Ulstein skule for alt dei har gjort for trivselen ved skulen vår, seier rektor.

4. klasse til topps

Og elevane fekk oppleve «laget» i aksjon på den siste dagen. Først gjennom morosame aktivitetar på skulen, og seinare under 50-års festen for Ulstein skule.

Dei tilsette gjorde sitt for å få opp stemninga, og jubelen stod i taket når dei kom joggande inn i gymsalen for å møte 4. klasse til finale i Dodgeball-meisterskapen. Dagen før hadde det vore kampar mellom klassene for å nå finalen, og no venta All Star-lærarlaget i fargerike kostymer.

Det var lenge ein jamn kamp, men mot slutten bikka det 4. klasse sin veg. Med god støtte frå medelevane sine tok 4. klassingane meir og meir over, og til slutt vann dei ein overbevisande siger mot tappert kjempande tilsette. 

Born som jublar over siger i Dodgeball turneringa - Klikk for stort bileteFjerde klassingane kan sleppe jubelen laus etter sigeren i Dodgeball mesiterskapen Erling Olav Storegjerde Tilsette ved Ulstein skule i fargerike drakter etter kampen mot fjerde klasse - Klikk for stort bileteDei tilsette ved Ulstein skule møtte opp i fargerike drakter, men det var ikkje nok i kampen mot fjerde klasse. Erling Olav Storegjerde

- Ein dag med mange inntrykk

Etter siste skuledag var over, var det duka for 50-års feiring. FAU hadde laga bord og aktivitetar til festen, og serverte popcorn, pølser og is. FAU inviterte også elevane til å synge Klover i kamp-songen «Langt å gå», som elevane hadde framført på sommarfesten tidlegare i sommar. 

– Det har vore ein kjensleladd dag, men mange inntrykk. Det er trist at det er slutt. Men vi tek med oss den flotte skulekulturen som har vore her, og no ser vi framover og gler oss til at lærarar, fagarbeidarar, assistentar og elevar skal møtast igjen til hausten, seier rektor Norunn Lindvik Velsvik.