Klart for innskriving i skulen

Klart for innskriving i skulen

Har du ein spent førsteklassing heime? Skulane inviterer no til innskriving.

To barn som skriv i ei bok. - Klikk for stort bilete pixabay.com
  • Ved Ulsteinvik barneskule er det innskriving 14. februar.
  • Ved Hasund skule er det innskriving 16. februar.
  • Ved Ulstein skule er det innskriving 5. mars.
  • Ved Haddal skule har 10 elevar allereie vorte skrivne inn, og er klare til skulestart til hausten.

 

Ved innskrivinga vil dei føresette få informasjon om skulestart, og kan få svar på eventuelle spørsmål dei har. Her vil det også vere mogleg å informere om spesielle behov barnet har, slik at skulen kan legge til rette for ein god start.

Ulstein kommune brukar det oppvekstadministrative systemet Vigilo til kommunikasjon mellom heim og skule

Det er fint om alle føresette lastar ned denne appen til skulestart.