Lånereglar

Lånereglar

Her er lånereglane og serviceerklæringa til Ulstein bibliotek.

Lånereglar

  • Det er gratis å låne.
  • Alle som har fast adresse kan få lånekort. Ta med legitimasjon. Barn må vere over 6 år for å få lånekort.  Meld frå om adresseendring eler tap av lånekort. Hugs å ta med lånekortet når du skal låne.
  • Lånetida for bøker, tidsskrift, lydbøker og språkkurs er 4 veker. Lånetid for film er 1 veke.
  • For å sikre sirkulasjon er det viktig å halde lånefristen, eller fornye lånet. Lån kan fornyast om ingen andre står på venteliste.
  • Har du ikkje levert inn lånt materiell etter 3.purring, får du tilsendt erstatningskrav. Dersom materialet vert levert tilbake innan ei veke etter kravet, kan du sjå vekk frå det.
  • Filmane er berre til privat bruk. Lånar kan ikkje vere under den tilrådde aldersgrensa for filmen.
  • Materiell som er utlånt, kan reserverast. Materiell vi ikkje har, kan som regel lånast frå andre bibliotek.
  • Tapt eller øydelagt materiell må erstattast.

 

Serviceerklæring

Tilgjengeleg ~ imøtekomande ~ kompetent

Vi har som mål å sette brukaren først og sikre gode bibliotektenester uansett kva bibliotek brukaren vender seg til.

Du kan forvente at:

  • Du vert møtt med respekt og konfidensiell behandling av eit kompetent personale.
  • Alle tenester er gratis for alle.
  • Kostnadar kan forekomme for ved for sein innlevering og tilleggstenester som kopiering.
  • Biblioteket skal halde seg oppdatert innan relevante medier.
  • Du får umiddelbar hjelp til å finne informasjonen du treng. Svar på omfattande eller avanserte spørsmål får du seinast innan fem arbeidsdagar.
  • Du får tilgang til døgnopne katalogar og ”Mine sider”  lokalt, regionalt og nasjonalt.
  • Du kan søkje, bestille, hente og levere materiell i det biblioteket som høver best for deg.
  • Vi også skaffar tilgjengeleg materiell frå andre bibliotek for deg.
  • Vi tilbyr trådlaus tilgang til Internett, kopi- og utskriftsmulegheiter.
  • Vi er opne for forslag til både mediekjøp og betring av våre tenester.
  • Tenesta er regulert av Lov om folkebibliotek 

Biblioteket forventar at du:

  • Gjer deg kjent med utlånsreglane ovanfor.

Fann du det du leita etter?