Faste arrangement

Faste arrangement

Eventyrstund kvar Laurdag klokka 13.00

Kvar Laurdag klokka 13.00 vert det høgtlesing på biblioteket i regi av Ulstein mållag og Ulstein bibliotek.

Passa best for born frå ca 4 år, men alle små og store er hjartelig velkomne

Det er frivillige som les kvar laurdag, det vert vist bilete på storskjerm, og dette er ei veldig fin stund og ein hyggeleg stad å møte andre born og småbarnsforeldre. 

Barnedisko på biblioteket 

Arrangement for born under 10 år med følge av vaksne.

Det er endelig klart for barnedisko i biblioteket! Det vert dans, leik og moro. 

Dei neste datoane vert 10. februar, 23.mars, 6.april og 4. mai. klokka 14.00.

Volda Ørsta sjakklag

Sjakklaget har faste spelekveldar på biblioteket annakvar onsdag klokka 17.30 til 18.45.

Dei neste datoane vert 17. Januar,  31. Januar , 14. Februar,  28. Februar,  13. Mars og 27. Mars .

Velkomne!

Volda Ørsta sjakklag er arrangør og kontaktperson er Ståle Refsnes mob.nr 99649988

Brettspelklubben

Ulstein Brettspelklubb har faste spelekveldar på biblioteket, Onsdagar klokka 17.00-21.00.

Følg Brettspelklubben på Facebook.

Søre Sunnmøre Slekt og Data

Program for våren 2024

Programmet varer frå klokka 18.00-20.30 på desse datoane: 30.januar, 13.februar, 27.februar,  19.mars, 9.april og 30.april.

Søre Sunnmøre Slekt og Data har ei eiga gruppe på Facebook.

Kontakt: soresunnmore@mr.slektogdata.no

Fann du det du leita etter?