Filmoteket

Filmoteket

Den nye måten å låne film frå biblioteket!

Dersom du har nasjonalt lånekort kan du å låne filmar frå biblioteka sin strøymeteneste, Filmoteket. Her kan du velje blant norske, nordiske, europeiske og internasjonale titlar både for barn, ungdom, familiar, vaksne og seniorar.

Her finn du eit godt utval av klassikarar, dokumentarar, filmatiserte bøker og store Oscar-vinnarar. Alt frå store blockbustarar til smalare kunstfilm.

Utlånstid og tal på lån

  • Du kan låne 5 filmar pr. månad.
  • Filmen er tilgjengeleg i 48 timer og den kan strøymast fleire gongar.
  • Du kan også overføre filmane til større skjerm via AirPlay og Chromecast.

Slik gjer du

  1. Gå til Filmoteket.no
  2. Vel Logg inn i menylinja
  3. Klikk på Registrer ny bruker
  4. Tast inn lånekortnummer og passord. Her bruker du samme pin-kode/passord som du nyttar til å logge inn på Mine sider frå nettstaden.
    • Det nasjonale lånekortet ditt må vere registrert med med Ulstein bibliotek (eller eit anna bibliotek som tilbyr tenesta) som heimebibliotek. Du må velje heimebiblioteket ditt som ein del av registreringa av ein ny brukar.
  5. Fyll inn epostadresse og lag eit passord. Dette passordet bruker du når du seinare skal logge inn på Filmoteket.
  6. Du får tilsendt ein stadfestingsepost. Stadfest den, og du er i gang.
  7. Snurr film!

På Min side får du oversikt over favorittar, lånehistorikk og tal på lån som er brukt og kor mange lån du har igjen i månaden.

Spørsmål og svar om Filmoteket

Filmtenesta vert levert og drifta av Norgesfilm AS.

Fann du det du leita etter?