Vi er klare for ein ny Psykologtime, 2. november kl. 20.00

Vi er klare for ein ny Psykologtime, 2. november kl. 20.00

I denne månedens utgåve av Psykologtimen får du høyre ei sterk historie frå ein mann, som håpar at hans erfaring kan bidra til å hjelpe andre i same situasjon.

Mange kjenner nok Ole Martinus Breivik som ein ressurssterk og livsglad fyr. Men dessverre kan skinnet bedra.

- Ute blant folk har eg alltid vore flink til å late som alt er bra, ta på ei maske, og skjule dei vonde tankane mine. Heilt sidan barneskulen vart eg mobba, både psykisk og fysisk. På ungdomsskulen vart det ikkje noko betre. Etterkvart akkumulert alt dette seg til ei meiningslaus mørk verd, også no i voksen alder.

Ole Martinus har vore nede i den mørkaste dal. Så kolsvart har det vore at han ikkje ville leve lenger. Han såg ikkje meininga med livet, og bestemte seg for å avslutte det.

Heldigvis fikk han hjelp!! 

 

Sjølv om Ole Martinus framleis har mørke dagar, ser han no lyst på framtida, og er veldig glad for at han er i live. No ynskjer han at si historie kan vere til hjelp for andre som sit inne med vonde tankar og har det låkt!

Saman med kommunepsykolog Tomas Brandal Myklebust fortel han korleis han no har fått livsgnisten tilbake.

Dette blir ein nyttig Psykologtime for alle. Velkomen til Ulstein Bibliotek onsdag 2. november kl. 20.00!

Timen blir også strøyma via Vikebladet og Vestlandsnytt sine nettstadar.

https://www.facebook.com/events/498745268651690/?ref=newsfeed

Fann du det du leita etter?