Treng du å skrive ut noko?Ulstein bibliotek har nye rutiner for kopiering og utskrift. Få oppskrifta her! Britt Opsahl Myrene på biblioteket hjelper gjerne til. Janne-Marit Myklebust Send ein-epost til gjesteprint@ssikt.no, og legg ved dei filene du vil skrive ut. Du får ein e-post tilbake som du skal opne, klikk på lenka og fyll ut skjemaet. Lag deg eit passord og brukarnamn. Du får to e-postar tilbake. Opne den om verifisering. Klikk på lenka og logg inn med brukarnamn og passord. Opne den andre e-posten. Her får du eit unikt ID-nummer. Send den første e-posten din med vedlegg på nytt til gjesteprint@ssikt.no Logg på kopimaskina med ID-nummeret og skriv ut. Neste gong du skal skrive ut brukar du berre ID-nummeret som du har fått. Publisert av Britt Opsahl Myrene Sist endra 02.09.2022 14:25