Sterke skildringar frå Arill Riise

Sterke skildringar frå Arill Riise

11. november klokka 17.00 les Arill Riise frå si nyaste bok “Der ingen var einsam: klyngetunet som vart utsletta”.

Forfattarmøte med Arill Riise. Portrettbilde. - Klikk for stort bilete


Boka tek for seg heimstaden til forfattaren, klyngetunet Riise der han vaks opp. Då det 
vesle samfunnet blei teke av eit snøskred blei forfattaren sjølv fanga under snøen.
Tre personar omkom, og klyngetunet vart utradert.


Riise er eit kjent fjes for dei fleste som journalist og programleiar for både NRK og TV2
sidan 1980-talet. Riise blei tildelt prisen Årets nynorskbrukar i 2012, Kringkastingsprisen i
2016 og Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar i 2021. Dette er hans fjerde bok.
Arrangementet er gratis og ope for alle.

Fann du det du leita etter?