1. juni gjekk startskotet for den største lesekampanjen i landet. Vi håpar at alle føresette ser verdien av at borna i Ulstein les også når det er skulefri og hjelper borna sine med å registrere ein brukar i kampanjen, slik at dei får ein ekstra motivasjon til å lese i sommar.
Sommarles varar frå 1. juni - 31. august og er for dei borna som skal byrje i 1. klasse til hausten til dei som går ut av 7. klasse i år.
Ulstein kommune har vore med sidan starten i 2006 og det betyr at i heile 17 år har born i Ulstein kunna gleda seg over Sommarles kvar sommar.
Det er ikkje få bøker som har blitt lese eller premiar som har blitt delt ut gjennom desse åra her i Ulstein.