Sommarles 2025

Sommarles 2025

Frå 1. juni til 31. august kan alle som går i 1.-7. trinn delta på Sommarles! 

Bilde av boka Gåterullmysteria. - Klikk for stort bilete

Sommarles gjer lesing endå kjekkare, og det er heilt gratis å vere med. Sommarles er for alle! 

Sommarles.no kan du registrere både bøker som barna har lese sjølve og bøker dei har lese saman med nokon eller lytta til (høgtlesing og lydbøker). For kvar bok som blir registrert, får deltakarane XP (poeng) og går etter kvart opp i level. Barna kan både få kule digitale trofé på nettsida og hente fysiske premiar på biblioteket. 

På Sommarles kan de også få lesetips og løyse oppgåver knytt til Sommarlesforteljinga for året, skriven av forfattar Mari Moen Holsve. For å bli med på Sommarles går de inn på nettsida Sommarles.no og lagar ein profil til barnet. 

Om du treng hjelp, er det berre å spørje på biblioteket. Så er det berre å lese i veg! 

Vi håper at de vil hjelpe barna slik at dei kan delta på lesekampanjen og få gode leseopplevingar heile sommaren! 

God sommar med Sommarles!

Fann du det du leita etter?