Psykologitimen onsdag 28.februar klokka 19.00

Psykologitimen onsdag 28.februar klokka 19.00

Psykologtimen er tilbake, og denne gongen med eit særs viktig tema. Ungdom og rus! 

Dessverre blir born og unge altfor tidleg eksponert for rus, direkte og indirekte, og lenge før dei eventuelt debuterer sjølve. I dag blir ungdom utsett for eit enormt press, både på skulen og i fritida, og som foreldre mistar vi gjerne litt kontrollen og blir redde for kva val ungane våre tek.

Då er det viktig å tilby ei trygg hamn og vere ein god samtalepartnar – uansett rusform. Men mange foreldre synes det kan vere vanskeleg å snakke med borna sine om festing, alkohol og ulike narkotiske stoff. Kanskje har vi ikkje heilt oversikt og kunnskap om det som rører seg der ute, og konsekvensane?! Og korleis stiller vi dei rette spørsmåla utan å fordømme og miste tillit?

Dette synes vi i Psykologtimen er viktig å snakke om, og har derfor samla eit knippe dyktige fagfolk som kan hjelpe oss med å bli litt tryggare rundt temaet. Saman med kommunepsykolog TTomas Brandal Myklebust har vi med oss politiførstebetjent i Ulstein og Hareid, Henrik Sandstad og skulepsykologisk rådgjevar Ingrid Redse Mjaaseth

Desse kjenner ungdomen godt og veit kva som rører seg i lokalsamfunnet vårt, og kan dermed gi gode råd på korleis vi betre kan samarbeide med ungdomane våra. Vi vil snakke om det å vere nysgjerrige og naive, tørre å stille dei dumme spørsmåla og korleis sette grenser. 

Onsdag 28. februar kl. 19.00 inviterer vi til Psykologtime Ulstein bibliotek Ein time som kan passe alle foreldre med born i grunnskule og på vidaregåande.

Vi ønsker ein open time, og vil derfor på slutten opne for dialog og spørsmål frå publikum. Psykologtimen er gratis, og vil også bli strøyma på Vikebladet sin nettstad.

Fann du det du leita etter?