Psykologitimen onsdag 12.april klokka 20.00.

Psykologitimen onsdag 12.april klokka 20.00.

Dette blir ein fin samtale mellom kommunepsykolog Tomas Brandal Myklebust og gjest, Rune Sæter


Sjølvaste Rune Sæter, Ulsteinvik sin eigen rikskjendis og skodespelar, tek turen til Psykologtimen komande onsdag. Dette synes vi er enormt stas og gler oss veldig til ein fin samtale med han. 

For denne mannen har mykje å fare med. Ikkje berre er han skodespelar, men også lærar, songar og sceneartist. Han har fleire hovedroller i ulike musikalar og teaterstykker, men vi kjenner han kanskje best som Gunnar Knudsen i serien Heimebane, der han gjorde ei framifrå tolking av supporterleiaren til «VARG IL»

Og det med roller er interessant, og ikkje minst gjeldande for fleire av oss. Kva roller spelar vi i liva våra, og korleis går vi inn og ut av ulike modus? Og korleis klarer vi å forstå andre sine perspektiv og korleis verda ser ut for dei?

Dette har Rune god erfaring med som skodespelar, og saman med kommunepsykolog Tomas Brandal Myklebust vil dei kunne gi oss gode og viktige refleksjonar om akkurat dette temaet

Samtidig er Rune heilt rå på presentasjonsteknikk, noko vi alle kan ha godt av å lære meir om, for å prestere best når det gjeld

Velkomen til Ulstein bibliotek onsdag 12. april kl. 20.00

Fann du det du leita etter?