Permakultur er eit uttrykk vi høyrer ofte. Men kva ligg det eigentleg i det? Og korleis gjer vi dette, her hos oss? Olaug Møgedal Fuglseth kjem til biblioteket for å gje oss ei innføring, og deler av eigne røynsler med denne måten å arbeide på. Olaug seier dette om arrangementet:
Ein introduksjon til permakultur og særleg konseptet «matskog» eller «skoghage», som går ut på å dyrke spiselige vekster og nyttevekster modellert etter korleis ein ung skog fungerer, med fleire lag, som tre, busker, urter, markdekkande og klatrande planter. Desse er planta på ein slik måte at ein får mest mogleg positive samhandlingar mellom plantene og oppnår mest mogleg mangfald i hagen. Målet er å lage ein hage der naturen gjer jobben, slik at ein ikkje treng å tilføre f.eks gjødsel, vatn eller sprøytemidler. Ein lagar eit kretsløp der hagen opprettholder seg sjølv.
Alle hjarteleg velkomne til inspirerande og lærerik kveld på Ulstein bibliotek!