NORSK BARNEBLAD 10/2023

NORSK BARNEBLAD 10/2023

Tema : Mørkeredd

Natta er skummel for vi ser nesten ingenting. Før i tida hadde vi lite utelys og då var natta skikkeleg svart. Å vere mørkeredd er heilt naturleg. Når lyset kjem er det om oftast ingenting å vere redd for. Då ser vi kva alt er. Liker du å bli skremt? Sånn på tull, altså. Mange av oss synest det er gøy å bli skremt når vi er trygge og veit at det ikkje er farleg eller på ekte. Berre tenk på halloween. Dei fleste har stor moro med tulleskremming på halloween. Men kvifor liker vi det? Det er ikkje berre når vi er vakne vi kan bli skremt. Du har sikkert vakna opp av ein ekkel draum. Å drøyme nifst om natta er ein måte å øve på, fortel psykologane. Du kan øve deg på å møte situasjonar du er redd for. Det er smart. Så om noko du er redd for blir verkeleg, men det gjer det neppe, så er du forbereidd. Du har øvd. Dette fortel oss likevel ikkje kvifor vi let oss skremme for underhalding og moro. Kva trur du?

Du kan låne bladet på biblioteket.

Tidsskrift til bibliotek. Tekstallmenningen

Fann du det du leita etter?