Margreth Olin kjem til Ulstein bibliotek 6.mars klokka 14.00

Margreth Olin kjem til Ulstein bibliotek 6.mars klokka 14.00

Song til mor
Margreth Olins mor har aldri vore som andre mødrer. Kanskje skulle ho ha vore kunstnar sjølv. Ho arbeidde på handelslaget, det var ein kunst, det òg. Ho var fylt av song og kjærleik.  

Etter tretti år som filmskapar vert Margreth overmanna av livet og veit ikkje korleis ho skal takle det. Som alltid reiser ho heim for å søkje råd hos foreldra sine. Resultatet er filmen Fedrelandet, men slutten blir ikkje som ho hadde tenkt. 

Song til mor er ei øm forteljing om livslang kjærleik  til naturen, til kunsten, til mor og far. 

Margreth Olin er ein av Noregs mest kritikarroste og prisvinnande filmskaparar. Olin står bak dokumentarar som Mannen fra Snåsa, Barndom, Engelen, De andre og Fedrelandet. Song til mor er Olins skjønnlitterære debut.

Gratis inngang

Litteraturhus Møre og Romsdal 

Tekst/bilete henta frå Forlaget Oktober. 

Fann du det du leita etter?