KRÅKEBOLLE-EVENTYRET Torsdag 20.april klokka 19.00.

KRÅKEBOLLE-EVENTYRET Torsdag 20.april klokka 19.00.

 Brian Tsuyoshi Takeda vil fortelje om selskapet sitt, Urchinomics, og det verdsomspennande kråkebolle-eventyret med sete i Ulstein. Temamøtet er ope for alle. Arrangert av senioruniversitetet.

Bakgrunn:

På grunn av overfangst av predatorartar, klimaendringar og forurensing, har me menneske skapt idéelle omstende for at kråkebollar har kunna eksplodere i store mengder langs kysten vår. Dei har beita ned tareskogen og endra eit av dei mest verdfulle øko-systema i verda som bidreg til CO2-fangst og biologisk mangfald. I kjølvatnet av denne kråkebolle-eksplosjonen ligg no det forskarane kallar ei  biologisk øydemark. Denne øydemarka finn ein langs heile kysten av både Nordland, Troms og Finnmark. Forskarane estimerer denne øydemarka til å strekkje seg over 4.000 kvadratkilometer. Utan avbøtande inngrep kan denne øydemarka verte permanent i tiår, for ikkje å snakke om hundreår. 

Om selskapet:

Urchinomics fangar desse beitande kråkebollane, plasserer dei i dei landbaserte oppdrettsanlegg og fôrar dei opp med berekraftig fôr. Slik vert dei konverterte til premium sjømat, eller «uni», for sal til topp-restaurantar kringom i verda. Det direkte resultatet av å fjerne desse kråkebollane frå sjøbotnen, er gjenvekst av tareskog. Tareskogen kan restituere seg i løpet av 3-6 månader og igjen bidrage til CO2-fangst, biologisk mangfald og produksjon av oksygen.

Urchinomics vart oppretta i 2017, og har no to kommersielt skalerte oppdrettsanlegg i Japan og

pilot-anlegg i California USA, i New Brunswick Canada og i Stavanger Norge. Selskapet fekk offentleg godkjenning frå UN Oceans Decade i 2021, like eins frå UpLink World Economic Forum og vart presentert hos World Economic Forum i Davos i 2022. Selskapet vart kåra til Norges Vels Gründer-pris i 2022 og «Eco-entrepreneur of the Year» frå Salesforce.

Stikkord om Brian Tsuyoshi Takeda:

CEO og gründer av Urchinomics.  Fødd i Japan, vaks opp i Canada, studerte delvis i Sør-Amerika, og har  vore gründer heile livet etter utdanninga som siviløkonom. Han flytta til Noreg i 2010 frå Canada i lag med kona, som er frå Herøy. Han er no busett  i Ulstein, og styrer den globale verksemda si frå

Fann du det du leita etter?