Ikkje gløym å danse Ulstein bibliotek, torsdag 29. februar klokka 18.00.

Ikkje gløym å danse Ulstein bibliotek, torsdag 29. februar klokka 18.00.

Til oss – fra de eldste: Ikke glem å danse – Tingvoll.net

Ikkje gløym å danse

Ver med Astrid Overaa på ei forteljing om livet og alt vi må gjere før vi trur det er for seint. Du møter henne på Ulstein bibliotek, torsdag 29. februar klokka 18.00.

Framsyninga er gratis og passar for gamle og unge – og gjerne gamle og unge saman. 

Forteljinga har namnet “Til oss – fra de eldste”. Arrangementet på Ulstein bibliotek er eit samarbeid med Den kulturelle spaserstokk, Ulstein frivilligsentral og Ulstein bibliotek

Om framsyninga

Framsyninga er ei bridgeblanding av song og musikk, latter og ettertanke. Historiene er henta frå Linn Skåber si populære bok Til oss – fra de eldste, og Astrid sine eigne refleksjonar om å eldast. 

“Dei gamle bør vere meir med dei yngre, slik at dei yngrevert betre yngre, og dei gamle betre gamle”. 

I framsyninga får vi høyre ulike historier frå levde liv. Nokon saknar ein å sitje på verandaen med og drikke Irish Coffee, og mange lengtar etter vener og familiemedlemmar som har gått bort. Nokre har byrja å gløyme, medan andre finn kjærleiken i godt voksen alder. Om dei tør, då. Og nokon ønskjer seg rett og slett ei bruksrettleiing, frå Claes Ohlson eller Gud eller kven som helst som har det, på korleis leve som gammal. 

“Å sjå seg i spegelen er ei overrasking kvar dag. Du forventar å sjå seg sjølv, og så kiker ei ukjend gammal dame på deg”. 

Astrid Overaa og Linn Skåber har jobba tett saman i mange år, mellom anna med Linn som tekstforfattar for suksessframsyninga S - M - XL. For nokre år sidan fabulerte dei saman rundt livet, døden, kjærleiken–og komande prosjekt. Etter dette har Linn utgjeve fleire bøker, kor den nyaste er «Til oss - fra de eldste». 

«Eg ELSKER bøkene til Linn Skåber! Og no er eg så heldig at eg får gjere nokre av tekstane hennar til mine», seier Astrid. 

“Tenk korleis nokre tilfeldige møte med menneske på ein fest i 40-åra kan bli det du gledar deg mest til på ein vanleg torsdag ettermiddag i 80-åra”. 

Fann du det du leita etter?