HUSH!

HUSH!

Nokon har kanskje lagt merke til at dei får purringar frå biblioteket der det står "Med venleg helsing HUSH"?

HUSH er forkortinga for det gode biblioteksamarbeidet som vi fire biblioteka på Ytre Søre Sunnmøre har: Hareid, Ulstein, Sande og Herøy.

Etter at vi gjekk over til nytt biblioteksystem går no purringar primært ut på e-post. På purringa vil du ikkje sjå kva bibliotek bøkene er lånt frå, men det fine er at du uansett kan levere inn bøkene på det biblioteket som passar deg best

Du kan ikkje svare på purringane som du får på e-post. Treng du å forlenge låna dine må du logge deg inn på brukarportalen vår:

https://surf.cicero-suite.com/institution/NO-2151600

Her kan du søke, reservere og sjå statusen din på låna dine.

Fann du det du leita etter?