Høgtlesing

Høgtlesing

Ingunn Røyset vil lese frå biletboka «Prins Storm» på Ulstein bibliotek under Smak av Ulstein.

Dette er forteljinga om den bråkete guten som alle synest er håplaus. Bort sett frå ei, då.

«Prins Storm» er ei bok for barn i barnehagealder og første til andre klasse.

Ingunn Røyset vil også lese frå lettlesboka si «Fiskelykke» som passar for aldersgruppa 1.-4. klasse, eller dei som likar å sitje i ro og høyre på ei litt lengre historie.

Forfattaren frå Flø er mest kjent for barne- og ungdomsbøkene sine om andre verdskrigen: «Dei et ikkje sjokoladepålegg i krigen», «Aldri fred å få» og «Brevet frå krigen». Den siste ei dokumentarbok om krigsåra 1940-45 formidla gjennom livet til Jorun E. Waage frå Ulsteinvik.

Ingunn Røyset har bakgrunn som journalist, sosialarbeidar og stylist. Ho debuterte som forfattar i 2012 og har vore medlem av Norske barne- og ungdomsforfattere (NBU) sidan 2014.

Den siste boka hennar er romanen «Perfekt» (2022) som handlar om å starte på ungdomsskulen. Ein ungdomsskule, som er skummelt lik den ungdomsskulen vi kjenner så godt, men der hovudpersonen Pia (13) er noko utanom det vanlege. Eller er ho også skummeltt lik ei vi alle kjenner?

Fann du det du leita etter?