Herborg Kråkevik presenterer Juleroser

Herborg Kråkevik presenterer Juleroser

Herborg Kråkevik gler seg til å kome til biblioteket 15. november for å fortelje om Juleroser, det litterære juleheftet ho er redaktør for.  
 

Arbeidet med å lage julehefta Juleroser er ein tradisjon som starta i København i 1881, og som raskt spreidde seg til alle nordiske land.   

Etter andre verdskrig døydde tradisjonen med litterære julehefte ut, heilt til Herborg Kråkevik, Samlaget og Egmont tok oppatt denne tradisjon i 2015. 
Innhaldet i Juleroser er ei blanding av nyskrivne tekstar frå nokre av dei fremste forfattarane våre, moderne biletkunst, nostalgisk jul og estetikk frå vår eiga tid.  
Heftet har hatt nyskrivne bidrag frå mellom andre Herbjørg Wassmo, Suzanne Brøgger, Siri Hustvedt, Vigdis Hjorth og Karl Ove Knausgård.  
Biletkunstnarane Ørnulf Opdahl, Håkon Bleken, Bit Vejle, Marianne Heske, Håkon Gullvåg og Per Kirkeby har òg vore med i heftet.  
Kvart år lagar ein artist ein rykande fersk julesong til heftet – og i år er det Daniel Kvammen sin tur med songen «Frosne hjarte». 

Elles er årets hefte fullt av kvalitetsbidrag frå Hennar Majestet Dronning Margrethe av Danmark, Linn og Hanna Ullmann, Sissel Kyrkjebø, Gaute Heivoll og Kjartan Fløgstad med fleire. 
 
I denne Julerose-stunda på biblioteket vil Herborg lese frå heftet, fortelje om arbeidet med det - og kanskje syngje ein julesong saman med dei frammøtte. Og ho håpar nettopp du har lyst til å kome! 

Det vil bli signering av Julerose-hefte.

Gratis og ope for alle. 

Litteraturhus i Møre og Romsdal og Ulstein bibliotek.

Fann du det du leita etter?