Georadarundersøkingar ved Ulstein gamle kyrkjegård

Georadarundersøkingar ved Ulstein gamle kyrkjegård

Fredag 12.april klokka 19.00.   

I uke 15 vil arkeologar frå Møre og Romsdal fylkeskommune gjere arkeologiske undersøkingar med georadar på Ulstein gamle kyrkje gård og Herøy gamle kyrkje gård.  Arve Eiken Nytun i fylkeskommunen er leiar for prosjektet som skal gå i djupna på disse historiske lokalitetane.  På begge lokalitetane har det stått stein kyrkjer i romansk stil som truleg vart bygde. På 1100 talet. Kvifor vart det nettopp bygd stein kyrkjer på disse stadane, og ikkje stav kyrkjer som i bygdene på Sunnmøre elles, og kva kan georadar undersøkingane avsløre om dei gamle mellomalder ruinane og tilstanden på dei?

 Fredag 12 april vil arkeolog og rådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune fortelje ferske nyhende om disse undersøkingane, og korleis ein i dag kan nytte georadar for å finne ut meir om kva som ligg skjult under jorda. Arrangementet er ope for alle.

Fann du det du leita etter?