Boklansering : Etterdønningar av Ragnar Ulstein Laurdag 21.desember klokka 11.30
Ragnar Ulstein (f. 1920) var Kompani Linge-mann, skreiv deira historie og bindsterke verk om Englandsfarten, om grenselosane, etterretningstenestene og om Jødar på flukt. Han skreiv også romanar på 1960-talet. Etterdønningar er ein roman han skreiv på fram til sin død i 2019
To generasjonar, frå sein mellomkrigstid til tidleg 80-tal, med to familiar og to kjærleikshistorier i sentrum. To av hovudpersonane var uteseglarar under krigen. Det kom det etterdønningar av. Med frodige skildringar av miljø og natur i ei fiktiv sunnmørsbygd, kjem intrigar i bedehusmiljø, med spenningar som stikk djupt. Etterdønningar gir innblikk i dramatiske hendingar og korleis dei traumatiske følgene kan bli livstrugande og skylje over fleire i lokalsamfunnet.
Anders Ulstein og Jan Ove Ulstein vil presentere og lese litt i frå boka. Mannskoret Con Moto står for musikalske innslag og det vert høve til å kjøpe boka.