Bokbad med fjellveteran og forfattar Erik Enitch onsdag 22.november klokka 19.00

Bokbad med fjellveteran og forfattar Erik Enitch onsdag 22.november klokka 19.00

Erik Enitch er driven av ein lengt etter det ville og aude i naturen. Han deler sine opplevingar av skjønnheit og farar i fjellet, om å gå seg vill, overleve skred og steinsprang, kjempe mot snø og tåke og kjenne dødsangsten i klatringa. Olav H. Hauge er hans sjelevenn i fjellet. I einsemda i fjellet høyrer han ofte eit dikt av Hauge i sitt indre.

Kom på Ulstein Arena og høyr Erik Enitch i samtale om boka. Hans fortellingar og refleksjonar rører dei som elskar naturen.

Arrangør: Klivrelaget, Tindekvindene og Biblioteket

Fann du det du leita etter?