Bli med på vårryddedagen 22.mars!

Bli med på vårryddedagen 22.mars!

Vårryddedagen er ein nasjonal ryddedugnad der folk frå heile landet er med og gjer ein ekstra ryddeinnsats, til glede for nærmiljøet, naturen og seg sjølv.

Ryddeaksjonar kan dessutan vere gøy og sosialt. Du kan rydde saman med andre, eller aleine. Alt du treng er eit par hanskar, sekk eller pose og ein plan for korleis kvitte deg med avfallet etterpå.

Tips til ein god ryddeaksjon:

  • Finn ei strand, øy, elv, innsjø e.l. som er forsøpla og eignar seg for rydding.
  • Ta med familie, vener, kollegaer, naboar eller andre som vil bidra.
  • Biblioteket deler ut gratis ryddeutstyr, både sekkar og hanskar frå SSR 22.mars.
  • Lever avfallet på ein av miljøstasjonane. Ta kontakt på rydde@reinhaldsverket.no dersom det er mykje avfall og vanskeleg å få levert sjølv. Då kan SSR få ordna henting av avfallet.

 

Og du, tusen takk for at du er med på å gjere området vårt endå litt finare!

 

Fann du det du leita etter?