Bibliotekenes berekraftsveke–veke 17
Bibliotek i heile landet markerer denne veka “Bibliotekenes berekraftsveke” knytt til FNs berekraftsmål.
Veke17 er i gong!
Den 17. veka i året er valt fordi berekraftsmål 17 handlar om samarbeid om å nå måla. Biblioteka får gjennomført mykje nettopp på grunn av samarbeid og deling.
Biblioteka er berekraftige heile året. Ved Ulstein bibliotek kan du mellom anna låne frø frå Frøbiblioteket, låne symaskin og på laurdag har vi lesestund og barnedisco. Saman legg vi til rette for at innbyggarane i Ulstein lettare kan vere med og bidra til gjenbruk og redusert forbruk, god helse og livskvalitet.
Bruk biblioteket ditt!