Bibliobattles - delta i den råaste byggjekonkurransen i år!

Bibliobattles - delta i den råaste byggjekonkurransen i år!

Vinn fine premiar både til biblioteket og til deg og laget ditt!

Ulstein bibliotek skal vere med å konkurrere i Bibliobattles mot andre bibliotek i landet, og no treng vi ivrige spelarar til å delta og byggje fantastiske ting i Minecraft. Konkurransen er gratis.

Det er ikkje direkte påmelding før konkurransen, men ein melder seg på når ein går inn i spelet og registrerer seg eller laget sitt i skjemaet for dommarbesøk. Det er også greit at ein tek kontakt med biblioteket og registrerer seg. Då har vi litt kontroll på kor mange som deltek. Bruk dette skjemaet:  https://forms.gle/SvZ5PG2i4frBn3Mo8

Konkurransen Bibliobattles er eit samarbeid mellom organisasjonen Bibliogames, Nasjonalbiblioteket og fylkesbiblioteka.  

Opne serverar

Bibliobattles er ope for alle aldersgrupper, og føregår i tidsrommet 14. - 17. november. Serverane er opne i tidsrommet kl. 17-21 desse dagane, og moderatorar vil vere tilstades heile tida. Laurdag 19. nov, kl. 18-21, skal finaleprogrammet strøymast via Twitch og vinnaren skal kårast. RobTheSir og Broonstar som er blant Noregs største youtubarar innanfor gaming, vil også dukke opp på Twitch.

Sjekk ut videoen som Bibliogames har lagt ut på Youtube om Bibliobattles.

Tema ein kan velje mellom

Ein kan velje mellom tre tema der ein skal lage eit byggverk som er inspirert av:

  1. Litteratur – t.d. Harry Potter-slottet, eit monster frå Percy Jackson, trehuset frå Gutta i trehuset-serien, og alt frå bøker og teikneseriar.
  2. Spel og film – Kva med Among us-basen, ein kjempestor Steve, «Tilted towers» frå Fortnite, eller huset frå «Det levende slottet»? Berre fantasien som stoppar.
  3. Bibliotek – kopier ditt bibliotek, biblioteket i Alexandria, eller bygg ditt ultimate draumebibliotek – alt er lov!

Premiane

Spelarane og laga konkurrerer om pokalar til biblioteket på fylkesnivå. Vinnaren/vinnarane for heile landet vinn ein Playstation5 til biblioteket, og 1000 kr kvar i gåvekort frå Komplett. 

Har du ikkje personleg brukar?

Ein må ha personleg brukar i Minecraft.  

Køsystemet i konkurransen

Over 2000 personar skal delta i heile landet, og over 200 i fylket vårt. Serveren som Møre og Romsdal fylkesbibliotek driftar, vil ha plass til 100 spelarar samtidig. Dette gjer at nokon må stå i kø for å kome inn i spelet. Eit system viser på skjermen kva nummer spelaren har i køa. Når ein står på førsteplass, bør ein vere tilstades og klar framfor PCen fordi spelaren vert send automatisk inn i spelet. Dersom ein spelar er inaktiv i 5 minutt, vert han send ut att i køa.

Erfaring frå tidlegare slike konkurransar viser at første dagen kan ha stort trykk, og mange gjer seg ferdig tidleg. Då vil andre som ikkje slepp til på server med ein gong få god tid å byggje vidare utover i veka. Så påmeldinga kan skje kvar dag fram til torsdag 17. november, kl. 21. Dei som ikkje har meld seg på til då, får ikkje besøk av dommarane.

Spele åleine eller danne lag?

Det vert høve til å danne lag med maksimalt 4 personar. Dette gjer ein i spelet. Dei som veit at dei vil danne eit lag før konkurransen startar, har høve til å bruke biblioteket til å leggje strategi. Laga kan gjerne vere samansett av både vener og familie. Kvart lag må ha ein lagkaptein. Foreldre må hugse på å opne Minecraft-kontoen til borna for speling med andre.

Bibliobattles:

Info om Bibliobattles - https://www.bibliogames.no/bb22/

Reglar for Bibliobattles 2022 - https://www.bibliogames.no/bb22-regler/

Guide til Java og Bedrock - https://www.bibliogames.no/bb22-info/

Påmeldingsskjema til Bibliobattles (ligg inne i guide til Java og Bedrock)- https://docs.google.com/forms/d/e/1FAIpQLSfywdiXWsNMLGC1PcyWu18mT7vraZvft9nGw3YqYQZlSgr5Lw/viewform

Fann du det du leita etter?