Beredsskapshagen med Anders og Barbro Nordum. Torsdag 13.Mars klokka 18.00

Beredsskapshagen med Anders og Barbro Nordum. Torsdag 13.Mars klokka 18.00

Sande Hagelag har den store gleda av å arrangere Fylkesturneen 2025 saman med Ulstein Bibliotek.

Foredragshaldarane er ekteparet Anders og Barbro Nordrum. Dei er kjende frå den svært populære boka "Beredskapshagen - slik får du mat ut av plenen".

Anders er grunnleggar av foretaket Datsja. Han er gartnar, pedagog og lærar og har mange år bak seg som lærar i gartnarfag. Datsja vart etablert i 2015, og siden har han og Barbro drive utstrakt kunnskapsformidling gjennom blogg, kurs og foredrag. I samarbeid med NORGRO oppformerar og delar dei virusfri sjalottløk og tørråteresistent potet, og lærer vidare korleis vi tek vare på eigne frørestar. Dei starta også opp med pakking av beredskapspakkar med frø for langtidslagring i fryseboks. Dette har firmaet Solhatt Økologiske no overtatt.

Boka deira som kom ut i 2021, er ført i pennen av dottera Maria.
Målet er å styrke eigenberedskapen eller befolkningsberedskapen, der også hagane våre spelar ei viktig rolle. Ingen kan gjere alt, men alle kan gjere litt. For om vi alle gjer litt, er storsamfunnet mykje betre rusta til å ta seg av dei som treng det mest.

Foredraget gir ei enkel innføring i eigne og andre sine røynsler og kunnskap når det gjelder dyrking og lagring av ulike grønnsaker, og der også gamal kunnskap har ein plass. Det handlar òg om jord og jordeliv, og korleis få god og fruktbar jord med hjelp av lokale og minimale ressursar.

Velkomne!
 

Fann du det du leita etter?