Ladestasjon for elbil

Ulstein kommune har inngått avtale med Fortum Charge & Drive for etablering og drift av ladestasjon for elbil i Ulsteinvik sentrum, i Gjerdegata bak Ulstein Arena.
Klikk for stort bilete

Klikk for stort bilete Arild Aamodt Støylen

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Denne stasjonen inneheld:

  • to uttak for hurtiglading DC 400 V "Mode 4", med ladetypene
    • CCS/Combo (Volkswagen, BMW, Hyundai, Opel) og
    • CHAdeMO (Citroën, Mitsubishi, Nissan, Peugot, Kia, Tesla model S m/adapter)
  • fire uttak for langtidslading som består av to stolper med dobbelt AC uttak "Mode 3" med minst 22 kW effekt type 2.

Dette er pr. 2018 den einaste ladestasjonen for elbil i Ulstein som er tilgjengeleg mot betaling for alle. Stasjonen vart sett i drift oktober 2018.

Der er også ladepunkt med fire uttak for elbil ved Quality Hotel Ulstein, men dette er eit tilbod for overnattingsgjestar ved hotellet.

Kontakt

Arild Støylen
ingeniør byggesak/miljøvern
E-post
Telefon 70 01 76 06