Pilotprosjekt - Fleire digitale eldre

Pilotprosjekt - Fleire digitale eldre

Ulstein kommune er med i ei nasjonal pilotsatsing som skal hjelpe fleire eldre til å bruke digitale tenester i kvardagen.

Pilotprosjektet skal hjelpe fleire eldre å bli trygge digitale brukarar, og blir leia av Senteret for eit aldersvennleg Noreg, i samarbeid med utvalde kommunar i Møre og Romsdal. 

Målet er å teste enkle og praktiske tilbod som kan gi eldre meir tryggleik, meistring og sjølvstende digitalt.

I prosjektet blir tre tiltak prøvde ut:

  • Digital opplæring heime: rettleiing i eigen heim
  • Digitale saman: sosiale møteplassar med digital opplæring
  • Bli digital – lån eit nettbrett: utlån av nettbrett for øving i eige tempo

 

Tiltaka skal gjere det lettare å få hjelp på ein måte som passar den enkelte. Nokre treng opplæring heime, andre ønskjer å lære saman med andre, medan nokre vil prøve seg fram sjølve med lånt utstyr.

Pilotperioden varer i minst seks månader. Undervegs skal kommunane samle erfaringar og vurdere kva som fungerer godt. Kunnskapen skal brukast til å utvikle gode og varige tilbod, både lokalt og nasjonalt.

Målet er at fleire eldre skal kunne delta i det digitale samfunnet på ein trygg og sjølvstendig måte.