Heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse)

Heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse)

Kva er ein heilskapleg ROS?

Heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse (H-ROS) er kommunen sitt viktigaste verktøy for å forstå kva som kan gå gale – og korleis vi skal førebyggje og handtere uønskte hendingar. 

 

ROS-analyse for Ulstein kommune

 

Analysen gir eit samla bilete av risikoane i samfunnet vårt, og ser spesielt på hendingar som kan få konsekvensar for:

  • liv og helse
  • samfunnsstabilitet
  • natur og miljø
  • materielle verdiar 

H-ROS er forankra i lovverket og er eit krav til alle kommunar. Den skal brukast som grunnlag for beredskapsplanar, prioriteringar og samfunnsplanlegging.

Andre nyttige lenkar:

Vurderingar av sannsyn og konsekvens

Rettleiar HROS DSB

Scenario

Ulstein kommune har valt ut relevante uønskte hendingar i den heilskaplege ROS-analysen basert på farar og truslar identifiserte gjennom kommunebeskrivinga, tidlegare ROS-analysar og data frå Geonorge og anna kunnskapsgrunnlag. 

Kartlegginga viser kva som kan skje i kommunen, og kva hendingar ein må kunne førebyggje og handtere. 

På denne bakgrunn er det valt ut scenario som kan gi store konsekvensar, påverke kritiske samfunnsfunksjonar, involvere fleire tenesteområde eller skape uro i befolkninga. 

Scenarioa oppfyller relevante kriterium i DSB sin rettleiar og er vurderte som både krevjande og sentrale for kommunen si beredskap.

Under kan du lese om dei ulike scenario som er vurderte i analysen:

Bortfall av elektronisk kommunikasjon
Atomutslepp frå ubåt
Pandemi
Krig og konflikt
Grunnstøyting av cruiseskip
Alvorleg valdshending
Dataangrep
Ekstremvêr
Skogbrann
Forureina drikkevatn
Isolert bygd
Brann på Alvehaugen
Brann i vogntog i Eiksundtunnelen
200 årsstormflo og flaum i sentrum
Stor gasslekkasje frå velta tankbil i sentrum

 

Målsetjing:

Den heilskaplege risiko- og sårbarheitsanalysen for Ulstein kommune viser at kommunen står i eit krevjande risikobilde. 

Som ei lita distriktskommune med avgrensa kapasitet, må Ulstein prioritere målretta og realistiske tiltak som styrkjer robustheita i kritiske tenester og evna til å handtere både kortvarige og langvarige hendingar. 

Dette kapittelet gir ei samla beskriving av kommunen sine langsiktige samfunnssikkerheitsmål og strategiar, og presenterer overordna tiltak som skal følgjast opp i vidare plan- og beredskapsarbeid.

Kapasitet og kompetanse til å handtere både akutte og langvarige hendingar
Robust og forpliktande interkommunalt beredskapssamarbeid
Oppretthalde kritiske kommunale tenester i kriser og krig
Robuste og samordna digitale løysingar
Oppretthalde kritiske tenester ved bortfall av straum og ekom
Styrke eigenberedskapen i befolkninga
Meir samhandling
Geografiske informasjonssystem