Skjenkeløyve for arrangement

Skjenkeløyve for arrangement

Du kan søke om skjenkeløyve for ope eller lukka arrangement.


Lukka arrangement

Løyve for lukka arrangement er meint for slutta lag. Med slutta lag er det allereie før skjenkinga startar danna ein slutta krins av bestemte personar som er samla for eit bestemt formål i eit bestemt lokale.

I lokale der det vert drive serveringsverksemd, må det alltid hentast inn løyve, med unntak av når eigar, leigar eller tilsett nyttar lokala til eige bruk i slutta selskap.

 

Ope arrangement

For arrangement som er ope for mange, for eksempel festivalar og konsertar, treng du skjenkeløyve. 
Dersom du allereie har skjenkeløyve kan du også søke om å utvide løyvet for eit arrangement.

 

Kva krav må vere oppfylt?

Du må skildre arrangementet i søknaden: konsept, lokalisasjon, kor mange deltakarar som er venta og eventuelle opplysingar om vakthald.

  • søkar må vere over 20 år
  • du må oppgi ein person som skal vere ansvarleg for skjenking
  • ansvarleg skal vere over 20 år

 

For større arrangement

  • dokumentasjon på forsvarleg tryggleik
  • kunnskapsprøve for styrar eller digitalt kurs i ansvarleg vertsskap

 

 

Kva kostar det?

Gebyr for lukka arrangement er 440 kroner.

Gebyr for opne arrangement er kroner 1200 for dag 1 og kroner 500 for påfølgande dagar.

Verksemder som allereie har skjenkeløyve og søker om utviding skal ikkje betale (omsetningsgebyr vert fastsett årleg).

 

Korleis søke om skjenkeløyve for arrangement?

Søknadsskjema - Skjenkeløyve for arrangement

 

Kor lang tid tek det å få svar?

For lukka arrangement er behandlingstida normalt ei veke.

For opne arrangement er behandlingstida vanlegvis fire veker.
 

Innsending av omsetningsoppgåve

Etter eit ope arrangement må du innan 14 dagar sende omsetningsoppgåve der du skal oppgi kor mykje alkohol som vart seld.

Her er lenke til skjema for omsetningsoppgåve for alkohol.

 

Meir informasjon